Rom for kreativitet
– Med eige firma kan du forme drøymearbeidsplassen din, seier Inger Liv Langstøyl, gründeren bak designbyrået Hugskot.
Tekst og foto: Irene R. Mjelde
ORDET hugskot tyder ifølge ordboka; ide, brå tanke, innfall – gjerne nytta i kreativ samanheng.
– Eit hugskot er starten på dei aller fleste kreative idear og oppgåver i kvardagen, seier Inger Liv Langstøyl, innehavar av designbyrået Hugskot, lokalisert i Norheimsund – sjølve hjartet av Hardanger.
Ho har eit medfødd engasjement for språk, og er oppteken av kvalitet og service.
– Det gjev meg glede å kunne hjelpe der andre har gitt opp. Ein nøgd kunde gjer dagen min god.
Då Langstøyl starta eige firma i 2019, var det for å sjølv kunne velje identitet og retning. Bedrifta hennar tilbyr byråtenester innan idéutvikling, grafisk design, marknadskommunikasjon, synleggjering og merkevarebygging. Produkta strekker seg frå logo og firmaprofilar, med alt som høyrer til for merking og synleggjering, til brosjyrar og tradisjonelle trykksaker, samt digital marknadsføring på sosiale medium. Profilhandbøker, språkvask, og auge for detaljar, er òg ein av spesialitetane.
– Kjerneaktiviteten til Hugskot er grafisk design, men då som verktøy for å utvikle identitet og uttrykk for kundane, oppsummerer firmaeigaren.
HENNAR TIDLEGARE arbeidserfaring kjem frå trykkeri og produksjonsbedrifter for skilt, dekor og messer. I tillegg arbeidde Langstøyl ei tid med informasjon hos fylkeskommunen, og ho har vidareutdanning innan marknadsføring, strategi og organisasjonspsykologi. Samla har det gjeve henne ei solid yrkesplattform.
– Før eg starta mitt eige hadde eg «øvd» i mange år – prøvd og feila, og prøvd igjen. Eg veit at grunnarbeidet må vere godt, for å oppnå best mogleg resultat.
Dagen då fem år var runda, 11. mars 2024, kom som ein heilt vanleg arbeidsdag, men inni seg kjende eigaren av Hugskot på stoltheit.
– Eg er takknemleg for alt eg har lært, og for at Hugskot framleis er arbeidsplassen min. Det er som om eg må knipe meg i armen.
Aller mest kry er Langstøyl av tilliten kundane viser ved å kome tilbake, igjen og igjen. Ein stor del av æra for at ho får arbeide med det ho likar, og utvikle seg fagleg og menneskeleg, gjev ho nettopp kundane sine.
– Alle som driv for seg sjølv må hugse at kundane deira valte dei av ein grunn. Kvar einaste kunde har tillit til at akkurat du er den beste til å utføre oppgåva for dei.
– Det seiest at det tar fem år å bygge opp ei bedrift. Kjenner du deg trygg no?
– Nei!
Gründeren ler.
– Det er framleis spennande å vere bedriftseigar. Av og til litt for spennande. Som firmaeigar må ein lære å leve med konstant usikkerheit, men no har eg ein større ryggsekk med erfaringar.
Erfaring er ei gåve, avgjer Langstøyl, sjølv om ein aldri blir heilt utlært.
– Forskjellen er at eg no har bygd meg eit system og ei ramme for firmaet mitt. Eg er klar over kor mykje som krevst, og som sjef stiller eg spesifikke krav til meg sjølv.
FOR HUGSKOT, som hos dei fleste andre bedrifter, går etterspørselen i bølgjer. Om det i periodar er mangel på oppdrag arbeider Langstøyl for å endre på det. Fruktene av arbeidet kjem ikkje nødvendigvis same dagen, men for kvar gong det har vore jobbtørke har ho klart å hente inn kundar igjen.
– Erfaringa er at ting løyser seg. Alt stoppar ikkje opp, sjølv om ein kjem inn i ein kaosperiode. At Hugskot er her enno viser jo at det faktisk har gått bra, kvar gong.
– Kva er drivkrafta di?
– Den evige lysta til å løyse problemstillingar for kundane mine. Og at eg aldri slepper trua på at det finst folk som ser betydninga av at Hugskot finst.
ETABLERERSENTERET fekk Langstøyl kjennskap til allereie for rundt ti år sidan.
– Eg var på den tida arbeidssøkar og oppdaga at Etablerersenteret arrangerte eit gratis kurs – 123 Etablering. Allereie på den tida må eg ha hatt ein tanke om eige firma langt baki hovudet, sidan eg luska innom kurset.
Etter at tanken hadde modna i fem år, vart Etablerersenteret igjen ei kjelde til rettleiing.
– Det finst mange inngangar til etablering av eige firma. Eg vil gjerne slå eit slag for dei som vel den litt sakte vegen. Det er lov til å bruke tid på å tøffe seg opp. Langs vegen vil du plukke med deg lærdom og opparbeide deg erfaring, som gjer at du stiller sterkare og tryggare når dagen er der.
– Er konseptet til Hugskot det same no, som det var då du starta?
– Ja, konseptet er om lag det same – Eg skal utføre oppdraga mine på ein profesjonell måte og levere komplette produkt. Forskjellen er at eg no kan yte enda betre sørvis, og truleg rådgje og tilby meir enn tidlegare.
Langstøyl har jamleg kontakt med dei faste kundane sine, og etter fem år i drift dukkar det stadig opp nye kontaktar.
– For kvart år bedrifta har eksistert har det auka på med oppdrag, òg av dei som kjem ut frå anbefalingar. Det gjer promoteringsjobben min stadig lettare, smiler Langstøyl.
EINEANSVARET Langstøyl har for arbeidet i Hugskot, gjer at ho får oppretthalde kontakten med kundane sine gjennom heile oppdragsprosessen.
– Kundekontakt er motiverande. Og det at eg utfører oppdrag tett på kunden og er fleksibel og tilgjengeleg, gjer vegen kort frå planlegging til utforming og produksjon, samt til oppfølging i etterkant.
Hugskot produserer materiell for festivalar, lag og organisasjonar, butikkar, produksjonsbedrifter og aktørar innan offentleg sektor. Som ei Hardanger-bedrift er det naturleg at kundane òg femner om småskala- og lokalmatprodusentar, og reiseliv og turisme. Innimellom melder det seg ein del større prosjekt, som utviklar og engasjerer heile Hugskot sitt spekter.
– Kan det òg vere ei utfordring å vere åleine om drifta?
– Ja, det er sjølvsagt eit puslespel. Men det er òg særs lærerikt å få bruke alle evner. Eg set stor pris på arbeidsvariasjon, frå ide og utforming til produksjon og montasje. Det å sjå meg montere dekor på dører eller vindauge er ikkje eit framandt syn. Eg likar å vere der det skjer, seier ho.
– Kva er den største forskjellen mellom no, og då du var fast tilsett?
– No har eg større innverknad på kva eg arbeider med. Eg former min eigen arbeidsplass, og skaper eit arbeidsmiljø å vekse i.
«ROM FOR KREATIVITET» er Hugskot sitt slagord.
– Arbeidet mitt stoppar ikkje ved teknisk tilrettelegging av trykksaker. Eg ønsker å vere ein føretrekt rådgjevar innan heile faget mitt, ein pådrivar og ei ledestjerne for kreativitet.
Langstøyl sitt sterke engasjement for formidling og godt språk har vore med henne heilt sidan barneskulealder. Det same har nynorsk som målform. Den velutvikla sansen vonar ho gjev firmaet hennar identitet, tyngde og truverd.
– Eg er glad i musikk, språk og estetikk, og kunstnaren i meg vel heilt naturleg den fargerike og frodige nynorsken som målform, fortel ho.
Alt fell på plass då ho landa på firmanamnet Hugskot.
– Eg hadde lyst til å formidle at nynorsken er ein del av pakka. Men eg er ikkje fanatisk, og Hugskot sine kundar kan velje målform etter ønske. Eg er der for å hjelpe kunden med det dei vil, men usikkerheit innan nynorsk skal ikkje vere eit hinder for å ta skriftspråket i bruk.
Ho nemner fagterminologi som eksempel på situasjonar der det er utfordrande å velje mellom bokmål og nynorsk.
– Det handlar om kva bodskap som skal presenterast, og kven du ønsker å nå. Val av målform må vere det som kjennest naturleg når du vender deg til målgruppa di.
– KVA PLANAR har du for framtida til Hugskot?
– Eg skal halde fram med å styrke bedrifta sin posisjon; innhente spennande oppdrag, få fleire kundar og nå lenger ut. Eg skal fortsette å bli betre på det eg kan, men er òg klar for å ta fatt på det som er nytt og relevant.
Langstøyl er open for å utvikle firmaet sitt litt etter litt, med nye arbeidsmetodar, produkt og samarbeidsformer. Til dømes har ho tankar om at Hugskot kan nyttast som ein del av marknadsavdelinga i ei bedrift.
– Eg drøymer om å vere pådrivar for kreativitet i samarbeid med fleire gode hovud og hender – kall det eit draumelag, om du vil. Og så er eg jo sosial! Om eg møter dei rette folka, kan alt skje.
RÅDA etableraren av Hugskot vil gje andre som går med tankar om å starte eige firma er desse:
– Vær modig og uthaldande, våg å gå utanfor komfortsona di og gje aldri opp. Har du klart noko ein gong, kan du faktisk klare det igjen, begynner Langstøyl.
– Søk informasjon hos andre som har gått vegen før deg. Be om hjelp, og husk at ingen spørsmål er dumme. Å ha tolmod er òg viktig, men samtidig må du ha fokus på å vere på veg framover.
Og sist, men ikkje minst, inspirert av eit sitat eg kom over ved oppstarten:
– Ver den du er. Det er den einaste staden du ikkje treng å konkurrere med nokon andre.