Frydefullt varmt og vakkert

GRÜNDERAR: Gabriel Carvajal, Joachim Økland og Andreas Økland.

Askøy har blitt ei perle for varmesøkande og badeglade frå heile verda.

Tekst og foto: Irene R. Mjelde 

– FØLELSEN ein får når ein sit i dampen og kjenner roa breie seg til heilt inst i kroppen er heilt unik. Det er som om samtalar blant vener og familie, kollegaer eller nye bekjente blir djupare og gladare her inne i varmen, avgjer Andreas Økland.

Saman med kamerat Gabriel Carvajal og bror Joachim Økland, driv han bedrifta Fryd Askøy. Nyleg opna dei sauna nummer to. Den første sto klar for frostige gjester i Strusshamn 1. mars 2023, og 1. november i år kunne dei sleppe inn dei første besøkande på Herdla, i havgapet heilt nord på Askøy. Ideen til firmaet fekk Andreas då han ein sommardag for nokre år sidan sprada over Aker brygge i Oslo. Der ligg saunaane på rad og rekke, til glede for bybuarar og tilreisande. «Noko slikt må vi vel kunne klare å få til heime òg», meinte han.

– Vårt mål har vore å skape eit enkelt og lett tilgjengeleg velværetilbod og en sosial møteplass – ein stad ein gler seg til å besøke saman med vener, eller ein arena for å møte nye menneske.

Det har dei klart. I skrivande stund tronar tilbodet deira på førsteplassen på Tripadvisor i Bergensområdet for sin kategori.

– Saunaene våre er godt besøkt. Om ein vil bestille tid i den mest etablerte og lettast tilgjengelege i Strusshamn, må ein no vere ute i god tid, spesielt på kveldstid og i helger.

RO: Omgjevnadane rundt saunaen i Strusshamn er av det fredfulle slaget.

HERDLA har lenge vore et eldorado for golfarar, surfarar, fuglekikkarar og krigshistorieinteresserte. No kan den vesle staden òg skilte med offentleg sauna for varmesøkande badenymfer. Dagen Etablerersenteret sin journalist besøker Fryd-karane bles det friskt frå havgapet. Raskt drivande skyer slepp sløra solstrålar ned over øya sitt nyaste fritidstilskot, og den isande blesten herjar med vimplar og flagg. Ei kråke flyt leikent på vinden over saunataket.

– Her på Herdla er ein midt i den barske, rå naturen. Ein kan sitte i varmen inne og nyte synet av dyreliv og naturkrefter gjennom panoramavindauget, mens ein nippar til nytrekt kaffi og gomlar velsmakande skillingsbollar, handla på den lokale landhandlaren, få steg frå badstova.

Saunaen i Strusshamn ligg på Lyngneset, i ei fredeleg lita vik der sosiale svaner og ender duppar forbi.

– Sjarmen er ulik, og begge deler må opplevast. Begge stader kan leigast ved å booke time på nettsida til Fryd Askøy, enten ein vil leige heile badstova, eller vil møte til ein fellestime. Vi tilbyr òg digitale gåvekort, så kanskje du kan skilte med årets varmaste julegåve? reklamerer Gabriel.

HAVNÆRT: Naturen rundt Fryd Askøy sin sauna på Herdla må berre opplevast.

«EI BADSTOVE er eit av dei siste avdigitaliserte romma i det moderne samfunnet» var det ein i Norges badstulaug som sa. Men når det gjeld badstovene til Fryd Askøy er dét ei sanning med modifikasjonar, for dei er spekka med forenklande teknisk finesse. Gjestane kan lade mobilen i garderoben, og samtidig, via Wifi, kople spelelista si til høgtalaren som står klar. Om det har freista med eit bad frå bryggekanten, kan ein om ønskeleg skylje av seg i oppvarma vatn under utedusjen før ein igjen smyg seg inn i gloheite omgjevnader.

– Vi er tilhengarar av å gjere skikkeleg arbeid. Badstovene våre skal vere estetisk fine, og velutstyrte og velfungerande. Dei har ekstraservicen som skal gjere opplevinga til gjestane våre av øvste kvalitet, lovar Andreas.

Vi har no funne ly frå vintervinden i saunaen i Strusshamn. Ein velkommen varme sig roleg inn i kroppen, og dufta av eteriske oljer fyller naseborene då Gabriel tømmer ei ause med vatn over steinane på den elektriske badstueomnen. Den styrer gründerane via ein app, slik at saunaen alltid er varm og klar til gjestane kjem.

– Vi har stilt systemet inn slik at badstua skal halde ein stabil varme på rundt 90 gradar. Sist vinter var det dagar då vi hadde 100 gradars forskjell frå inne i badstua til utanfor, fortel Joachim.

– Vinter er høgsesong, men vestlandssomrar er ikkje einstydande med sol, og konseptet vårt er godt besøkt i sommarhalvåret òg. Saunaen her i Strusshamn ligg på eigen flytebrygge, og med badestige og SUP-brett ligg forholda godt til rette for heilårsbading.

SJØLV OM dei samarbeider om det meste har det blitt til at dei tre gründerane har tatt ansvar for kvar sine områder. Joachim, som til dagleg arbeider som elektrikar i byggebransjen, har tatt på seg oppgåva som vaktmeister. Han er ein hendig fyr som gjerne snekrar utedusjar og monterer badestigar. Gabriel er ansvarleg for personale og lønsutbetalingar, og Andreas, som av sine medgründerar får stillingstittelen «computer-mannen», styrer nettside og promoterer på sosiale medium. Oppgåvene er til stor avveksling frå arbeidet som helikopterteknikar, som begge dei to sistnemnde er utdanna som.

– Vi registrerte bedrifta vår i 2021, og brukte mykje tid på planlegging. Det er utruleg mange element ved det å drive firma på det vi meiner er en god og berekraftig måte, så det har til tider vore utfordrandre å finne nok timar i døgnet til alt vi ønsker å utvikle. Ikkje minst har det gått mange timar med til å få Booking-systemet slik vi vil ha det. Vi har alle fulltidsjobbar frå før, og det har vore viktig for oss å gjere firmaet vårt så enkelt som mogleg å drifte.

Fryd-gründerane har lagt tid og sjel i firmastrukturen, og rutinar, system og orden er no godt innarbeidd.

– Målet vårt har vore å få til eit godt bedriftsfundament, så kan vi heller vidareutvikle etter kvart. Det er mykje å sette seg inn i som ferske etablerarar, men foreløpig er det berre kjekt å vere bedriftseigar. Det er særs tilfredsstillande og gjevande å skape noko eige, avgjer Andreas.

Firmanamnet sa seg sjølv.

– Det skal vere ein fryd å vere her. Badstuene våre skal vere brukarvennlege og lett forståelege å handtere for kundane, som forresten er flinke til å komme med gode tips til utbetringar. Vi har tatt dei aller fleste tilbakemeldingane til etterretning, og fiksa fasilitetar etter kvart som gode forslag har kome inn. Vi vil levere eit så unikt og godt tilbod som det er mogleg å få til.

I tillegg til dei sjølve, har dei med seg ni tilsette som tar på seg tilkallingsvakter og sørger for tilsyn og reingjering.

– Dei fleste av dei er badstoveentusiastar som oss, som ser på det som ein kul ekstrajobb. Vi er eit godt team.

FLYT: Fryd Askøy sin sauna i Strusshamn er bygd oppå på ei flytebrygge.

FOR FÅ veker sidan blei Fryd Askøy tildelt årets Gründerpris frå Askøy næringsråd.

– Det er stor stas for oss å få bekrefta av næringsrådet at det vi heldt på med skil seg ut og blir lagt merke til, og at dei heiar på oss, seier Gabriel.

– Frå kommunen si side har vi òg berre møtt på velvilje og positivitet. Vi veit at tilbodet vårt er noko mange er glad for har kome til øya. Tilbakemeldingane frå gjestane våre er mange og udelt positive, frå både lokale og tilreisande.

Dei tre gründerane har no planar om etablere enda ei badstove. Denne gongen i den mest sentrale delen av Askøy. Fryd har blitt eit trekkplaster for øya. Hittil har saunaen i Strusshamn hatt besøk av gjester frå heile 35 ulike land. I fjor vinter føregjekk det til og med eit frieri ved badestigen utanfor saunaen i Strusshamn.

– Eit par frå Nord-Irland hadde kakka hol i isen som låg på vatnet i vika her. Mannen hadde sett kamera frå seg på kaien og filma heile det iskalde frieriet. Det enda med nyheitssak i lokalavisa og god reklame for oss, fortel Joachim.

Dei var absolutt ikkje forberedt på den store responsen frå tilreisande som besøker Bergen. Turistar har strøymt til, frå blant anna Australia, Japan, Sør-Amerika og Hawaii.

– Vi har stort fokus på å spreie informasjon og annonsere på sosiale medium, men det er likevel fasinerande å sjå kor godt det verkar, smiler Gabriel.

– Kultur- og språkbarriere blei eit luksusproblem, og no har vi fått opp alle skilt både på norsk og engelsk.

KLASSE: Gabriel Carvajal og Andreas Økland er særleg fornøgd med finishen i saunaen på Herdla.

TO BLAD Økland og ein Carvajal sine beste råd til andre som vurderer gründerskap er desse:

– Identifiser eit behov i marknaden og jobb knallhardt for å tilby eit best mogleg produkt.

– Ikkje undervurder verdien av god marknadsføring og det å vere synleg på nettet.

– Etabler system som er enkle å bruke, både for deg og kundane.

– Lytt til tilbakemeldingar!


Sjekk ut hjemmesiden her: www.frydaskoy.no

Neste
Neste

Tar lek på alvor