Skaparsmeltedigelen

SKAPARAR: «Dette har vi aldri gjort før, så det prøver vi», er Marte og Daniel Klafstad sin leveregel.

Kva enn du vil fikse, skape eller utvikle, er det veldig store moglegheiter for at du finn både hjelpa og hjelpemidlane hos Skaparstovo på Os.

Tekst og foto: Irene R. Mjelde 

ENGASJEMENT og kreativitet er viktige ingrediensar for gründerar av alle slag. Ekteparet Marte og Daniel Klafstad har enorme mengder av begge deler. Saman driv dei folkeverkstaden Skaparstovo – Bjørnafjorden makerspace, lokalisert i sentrum av Os.

– Driven av eigen skapartrong hadde vi etter kvart samla oss eit stort tal maskiner og verktøy. All denne reiskapen ville vi òg gjerne gjere tilgjengeleg for andre kreative hovud og hender. Løysinga blei å starte vår eigen «makerspace» – ein fellesverkstad for gründerar, skaparar, og kreative hobbyistar, fortel Daniel.

Saman med kona viser han Etablerersenteret sin journalist rundt i jungelen av små og større arbeidskrokar og verkstader. I elektrohjørnet kan alle med interesse for elektronikk slå seg laus blant loddeboltar, kablar og koplingar. Vidare går turen forbi laserkuttar, 3d-printar, varmepresser, ein CNC-fres, sandblåsingskabinett, bokbinderi, airbrushstasjon, gjennom silketrykkavdeling, støyperi, syrom, fotostudio, og ein velfylt treverkstad.

– Det er berre fantasien som set grenser for kva ein kan lage her på Skaparstovo. Vi fungerer som ein smeltedigel av digital og analog skaparverksemd, innovasjon og tradisjon, berekraft og reparasjon, for hobbyentusiastar, multikunstnarar, gründerar og ungdomsbedrifter.

KULT: Daniel Klafstad lagar ringar av gamle myntar og sølvbestikk, under konseptnamnet DALK.

VERKSEMDA deira har utvikla seg meir eller mindre tilfeldig.

– Vi har begge alltid sett stor pris på å lære nye ting. I fleire år dreiv vi mikrotrykkeri, men vi sakna etter kvart nokon å dele alle dei gode ideane våre med. Å halde dei for oss sjølve, i tilfelle andre skulle «stele» dei, gav oss dårleg smak i munnen, vedgår Daniel.

Planen var først å dele i ein litt mindre skala. Dei kjøpte ein stor konteiner, plasserte han heime i hagen, pussa han opp og innreia med alt dei hadde av kreativt utstyr og maskinar. Men det siste malingstrøket var knapt tørt før det tikka inn eit tilbod om å flytte inn i romslegare lokalar på Osøyro. Dei leste seg opp på makerspaces-fenomenet, og i august 2020 var alt av eige utstyr, og enda litt til, klart til bruk for kreative skaparar i Bjørnafjorden kommune og resten av Bergens-området.

No, fire år seinare, har dei årleg mellom 500 og 600 personar innom, anten som medlemmar, eller som deltakarar på kurs eller skaparaktiviteter for barn og ungdom.

– Med konseptet fellesverkstad fann vi det vi aller helst ville gjere – lage ein arena der folk kan skape sjølve. På Skaparstovo har vi eit flott miljø, med medlemmar med erfaring innan mange forskjellige kunnskapsområde. Her er det plass for problemløysing, kunnskapsdeling og læring mellom generasjonar. Unge, eldre og familiar kjem saman og deler sine tips og triks.

Samtidig er Skapartsovo ein gründersentral, ein kreativ «hub» og ein stad der gründerar og småskalaprodusentar kan teste ut om bedriftsidèen deira er liv laga.

– Hos oss kan ein produsere eigne prototypar utan store startkostnader. I tillegg til å kunne bestille tid til fri bruk av maskiner og utstyr, har ein sin eigen produksjonsstad.

MAGI: Lysestakar av tinn blir smelta og omskapt til Etablerersenter-medaljong.

KONSEPTET FOLKEVERKSTAD kan vere vanskeleg å forklare, for mogelegheitene for tilpassa ordningar er mange.

– Enkelt forklart er eit makerspace ein medlemsbasert fellesverkstad. Ein betaler ei beskjeden årsavgift, og tar så kurs for å få handtere dei maskinene ein ønsker å bruke. Ein må ikkje vere medlem for å komme hit, men unge under 18 år må alltid ha med seg ein vaksen, forklarer Marte.

«Lei ein skapar» er eit av tilboda deira. Grupper og lag kan bestille tid for kreativ gøy med instruktør, på klubbkveldar, utdrikkingslag, teambuilding eller bursdagsfeiringar.

– Det finst så mange med så utruleg fine kreative idear, men dei manglar gjerne kunnskapen om korleis dei kan få sett han ut i livet. Her hos oss får dei rettleiing gjennom prosessen og kan sjølv bestemme utforminga av produktet sitt.

Dei legg aldri heilt ifrå seg jobben, men dei ønsker det ikkje annleis. 

– Det kjekkaste med arbeidet vårt er all den positive energien vi er i til dagen. Gjeremåla varierer heile tida, og vi får lov til å bruke kreativiteten vår utan store avgrensingar. For ikkje å snakke om alle dei fine menneska vi møter. Vi lærer av kvarandre, og som leiarar og instruktørar kjenner vi oss heldige som får vere med på andre sine kreative reiser.

SYMASKIN: Med ei BAI broderingsmaskin kan ein dekorere tekstilar.

DEI ER STOLTE over at dei har klart å bygge opp en makerspace med veldig få midlar. På oppussing og klargjering brukte dei berre 5000 kroner.

– Vi gjenbrukte materialar og fann òg mykje gratis på nettet. Tidlegare var dette utestaden i Os, og panelet på veggen i butikken vår er gjenbruk av det gamle dansegolvet. Ein kan framleis sjå merker av stiletthælar, smiler Daniel.

Hyllene i syrommet er deler av den gamle bardisken.

– Det ligg mange timars arbeid i veggane på Skaparstovo, og vi har fått god hjelp av medlemmar og frivillige.

Gjenbruk og sirkulærøkonomi er eit viktig tema for verkstadleiarane. Det same er kunnskapsdeling og utvikling av eit inkluderande samfunn. Dei snakkar seg varme om å forlenge livet til det ein har, å bruke på nytt eller bygge om – fleire i lag, med gjensidig respekt for kvarandre.

– Å kreere sjølv gjev meistring. Økonomiske kutt i helsevern og skuledrift, og få tilbod til born og ungdom som ikkje er sportsinteresserte, aukar behovet for ein stad som Skaparstovo, påpeiker Marte.

Den grafiske designaren er òg utdanna sosionom, og mange års arbeidserfaring innan rusfelt og barnevern har gitt henne tyngde bak orda.

– Eg ser heldigvis at samfunnet på enkelte måtar går rett veg. Folk blir stadig flinkare til å vere seg sjølve. Kvifor skal ein absolutt passe inn i ei norm som blir trongare og trongare?

«Dette er gøyare enn å sitte heime og game» er ein hyppig kommentar når unge kjem på kurs. «Hadde skulen vore slik som dette, så hadde eg vore god» var det nyleg ein ungdom som sa.

– Slike kommentarar viser kor viktig det er med ein alternativ meistringsstad, særleg for born som slit med skuledagar der kroppen kriblar etter noko anna.

FOR Å BLI betre rusta til alt det som ikkje er av like kreativ art ved ei firmaetablering, valte Marte og Daniel å kurse seg hos Etablerersenteret.

– Vestland fylkeskommune sitt rådgivingssenter for gründerar er ein særs positiv og lærerik stad, der det er lett å komme i prat med andre gründerar i startfasen. Vi lærte oss gode triks for korleis ein kan tenke i oppstarten, når midlane er lave og initiativet høgt. Bedriftseigarspirer kan hauste mykje nyttig kunnskap på kursa deira, avgjer Marte.

At oppstartfasen til Skaparstovo gjekk parallelt med strenge koronarestriksjonar vart ein utfordring.

– Særleg blei det vanskeleg økonomisk. Helst vil vi vere sjølvberga som organisasjon, men foreløpig er det ein kontinuerleg jobb å innhente økonomiske midlar, fortel Marte.

– Vi er avhengig av gode støttespelarar for å oppretthalde drifta. Kommunal støtte blir utrekna ut frå talet medlemmar, ikkje reelle brukarar. Kanskje burde medlemsstrukturen vår vore annleis? resonnerer ho.

Skaparstovo er ein idéell organisasjon, driven på frivillig basis. Inntekta til seg og familielivet med to born hentar dei to frå alle oppdraga dei får, samt at dei held ulike workshops, foredrag og kurs. For å skilje mellom den frivillige verksemda og det inntektsgjevande arbeidet starta dei bedrifta si Biril Mikrotrykkeri. Namnet er ein miks av namna til dei to borna deira, Birk og Tiril.

– Vi får førespurnader om vi kan lage alt mellom himmel og jord. Her om dagen var det til dømes ein som trengte ei ny dør til fryseboksen inni kjøleskapet, fortel Marte.

– Ein annan ville binde ei bildebok til eit bryllaup. Det går òg mykje i laging av personlege medaljar og t-skjorter. Ingen dagar er like, og vi gler oss til jobben kvar einaste dag.

 ØVST på ønskelista deira for Skaparstovo står ein sikker leigekontrakt. Leigeprisen der dei er no er særs hyggeleg, men kontrakten blir fornya med berre eit halvt år i slengen, for bygningen eksisterer på usikkert grunnlag.

– Vi har ståande tilbod om eit særs passande lokale på Os Amfi, men per i dag er ikkje prisen økonomisk løyseleg.

Framtida ser dei likevel lyst på.

– Med tida ser vi for oss å tilsette fleire instruktørar, for slik å kunne gje eit godt og vidt tilbod til skular og institusjonar. Planane våre er mange, men vi treng ei meir betre føreseieleg framtid før vi kan ta dei til neste steg.

Skaparstovedriftarane sine tre beste råd til andre som ønsker å starte eiga bedrift er desse:

– Ha tolmodigheit og berekn meir tid enn du i utgangspunktet tenker. Bruk eit makerspace for å teste ut konseptet ditt, og ikkje gløym at ting ofte kostar meir enn du trur.


Les meir om Skaparstovo på: Skaparstovo - Bjørnafjorden Makerspace

Forrige
Forrige

Gult er kult!

Neste
Neste

Billeg og berekraftig bygging