Suksess for heiløkologisk i Bergen

Vår drivkraft er idealistisk, me har sett igong eit praktisk og konkret tiltak for å auke økologisk matproduksjon og forbruk på Vestlandet og i Norge generelt. Me brukar vår kjøpekraft bevisst for å støtte lokale produsentar, og andre idealistiske selskap. Reindyrka opna i oktober 2010, har omsett for 5 mill det fyrste året og har 3 årsverk.

Me er mest stolt over butikken me har skapt, og at me gjennom den kan støtte norsk landbruk og fairtrade prosjekter andre stader. Og på den måten bidra til å styrke arbeidsplassar i eit stort og viktig nettverk som må til for at folk skal kunne leve av trygge, reine, friske, og lokale matvarer seier gründarar, Anne-Line Randal og Anja Eilertsen.



Reindyrka tilbyr sertifiserte økologiske, etiske og lokale daglegvarer til forbrukarar i Bergen, og å gjere nemnde varer til eit berekraftig kvardagsval.  

Kvifor starta dere eigen bedrift?
- Me starta eigen bedrift fordi me sakna eit slikt tilbod i Bergen. Oppstartsfasen var lang, interessant og lærerik. Me erfarte at me måtte vera tru mot vår eigen idé, jobbe jevnt og trutt og ikkje miste motet sjølv om ting tar mykje lengre tid enn me såg for oss då me starta på prosessen, på nyåret 2008.

Kva er dykk mest stolt av?
- Reindyrka er mest stolt over butikken me har skapt, og at me gjennom den kan støtte norsk landbruk og fairtrade prosjekter andre stader. Og på den måten bidra til å styrke arbeidsplassar i eit stort og viktig nettverk som må til for at folk skal kunne leve av trygge, reine, friske og lokale matvarer.

Har dykk noko førebilete?
- Våre førebilete er t.d. Røtter som driv fleire liknande butikkar i Oslo. Og Silje Grastveit som med imponerande drivkraft har klart å skape the HUB på Bryggen i Bergen, eit internasjonalt nettverk for sosiale gründarar. Og Hanne på Høyden som driv ein nyskapande og unik restaurant med berre norske råvarer.

Kva er dykkar drivkraft og framtidplanar ?
- Vår drivkraft er idealistisk, me har sett igong eit praktisk og konkret tiltak for å auke økologisk matproduksjon og forbruk på Vestlandet og i Norge generelt. Me brukar vår kjøpekraft bevisst for å støtte lokale produsentar, og andre idealistiske selskap. Så som økologiske bønder og produsentar som er for små til å kome inn i dagligvarehandelen, og me vel grossistar med medvit om økologisk tankegong, miljø og rettferdig handel.
 
Dette gjer me fordi me ynskjer at Noreg skal til bærekrafig matproduksjon, og at vestlendingar skal ha god tilgang på kvalitetsmat utan giftstoff og fyllmasse.
 
Vår føremon er at me har opna den einaste heiløkologiske daglegvarebutikken i Bergen. Butikken er sertifisert som økologisk av Debio.

Kva inntrykk har dykk av Etablerersenteret?
- Anja deltok på etablerarkurs gjennom Etablerersenteret hausten 2008. Etablerarkurset var nyttig og viktig for å skape eit godt nettverk. Etablerersenteret hjelpte oss særleg i fasen då me skulle teikne leigekontrakt for butikklokalet. Dei som jobbar der framstår som ope og inkluderande for små og større idéar, ein føler seg alltid velkomen der.

Reindyrka sine gode råd til andre grundere:

  • Dersom ein ynskjer å starte eigen bedrift er det drivkraft (og målretning?) som er det viktigaste ein treng på vegen for å nå målet sitt.
  • Ikkje prøv å  gjere alt sjølv - Få eller skaff deg hjelp  til å få gjort det du ikkje er så god på dersom det er mogleg for deg.
  • Bruk nettverk flittig, det kjem mykje godt ut av samtalar der ein kan stø kvarandre på ulikt vis for å kome vidare i prosessen med å starte eigen bedrift. Gå på etablerarkurs og andre kurs i regi av etablerarnettverka som finst.

Bor det en gründer i deg også?

Vi hjelper deg i gang!

Se kursene vi tilbyr