Mjuke plagg i bambus

BadaBoom er einaste i landet som har sengeklede og sjal i 100 % bambus. Me er tidleg ute med tekstil av bambus for vaksne på den norske marknaden. Me designar kleda sjølve, og har direkte kontakt med produsenten. Hege har budd i Asia i mange år og er godt kjend med deira måte å gjere business på. Dette er ein stor føremon, fordi alle kleda våre vert produsert i Asia.

Bilder og tekst av Merete Bratten

BadaBoom sel eigedesigna merkevare med bambus som råmateriale.

Fargerike sjal og undertøy er gjerne ikkje det første ein tenker når ein høyrer ordet bambus, men Britt Hillestad og Hege Marie Sørensen har brukt dette unike materialet til å designe klede av.

Kvifor starta de eiga bedrift?
Ynskje om å skape si eiga verksemd var sjølve drivkrafta for å starte for seg sjølv. Dei er begge mødre med born i skulealder, og såg seg etter kvart fanga av tidsklemma. Dei to kreative naboane hadde eit ønskje om å styre sin eigen kvardag og bruke tida til noko dei brann for. Me hadde ein viss kjennskap til bambus frå før, men blei tende på ideen om å produsere klede då me fekk kjennskap til dei unike eigenskapane produktet har. Bambus er bakterie- og allergihemmande, varmeregulerande og ikkje minst mjukt.

Kva positive og negative røynsle har de frå startfasen?
– Første levering av undertøy i bambus var stor stas og frykteleg spanande. Me skalv på hendene medan me opna pakka frå India. Tidenes nedtur! Ein smal fot, ein lang fot, syltetøystrikk i livet og gylfen er bak, men skuffelsen gav seg raskt og begge braut ut i latter. – Me kasta oss på telefonar og internett for å finne nye leverandørar. Så har ein dei store positive opplevingane: når ein får ein leveranse som er akkurat sånn me ville ha den! Andre positive opplevingar er i møte med kundar, om det er privat eller firma. Me vert møtte med oppriktig interesse for produktet og med respekt for oss som personar og firma.

Korleis har Etablerersenteret vore til hjelp?
– Me deltok på etablerarkurs i 2010, tidleg i prosessen med å starte for oss sjølve. Kurset fokuserte på aktuelle tema som er viktig å ha med når ein startar eige firma. Å starte for seg sjølve er meiningsfullt og inspirerande, men samtidig krevjande og risikofylt. Det krev god planlegging og mykje pågangsmot. Me fekk et godt inntrykk av Etablerersenteret og tok med oss mykje nyttig. Men me sakna meir informasjon om kva stønader som finst og korleis ein går fram for å få økonomisk hjelp – til dømes hos NAV. Fleire slike spørsmål har me komme på etter at me deltok. Me har nok ikkje vore flinke til å søkje råd og informasjon hos Etablerersenteret i ettertid.

Kva er de stolte av?
– Først og fremst er me stolte av firmaet. Me er stolte over produkta våre, fordi dei er miljøvennlege, har god kvalitet, og fordi det er vår eigen design. Så er me stolte av kvarandre! Me er forskjellige me to, det er ein fordel. Me utfyller kvarandre godt. Ei er god med tall, ei er kreativ.

Foto: Merete Bratten

Har de nokon føremon framfor konkurrentane?
BadaBoom er einaste i landet som har sengeklede og sjal i 100 % bambus. Det er ein føremon at me er tidleg ute med tekstil av bambus for vaksne på den norske marknaden. At me designar kleda sjølve, og har direkte kontakt med produsenten, er nok også ein føremon. Hege har budd i Asia i mange år og er godt kjend med deira måte å gjere business på. Dette er ein stor føremon, fordi alle kleda våre vert produsert i Asia. Me evnar å lytte til forbrukarane og nyttar gode venner og naboar for utprøving. Då får me ærlege tilbakemeldingar og kan justere produktet etter forbrukar sine ønskjer.

Kva er drivkrafta, og kva framtidsplanar har de?
– Ein gong om ikkje så lenge når alle skal ha bambus, tenkjer dei BadaBoom! Det er eit ønskje. Målet er at me stadig kan utvide og forbetre kolleksjonen, ta ut ei god løn, og framleis styre vår eigen kvardag. At me kan tilsetje folk, få forhandlarar i heile Norden, opne eigne butikkar og få kundar på nettet over heile verda er drivkrafta.

BadaBoom med tre gode råd til andre gründerar:

  • Ha tru på deg sjølv og ideen din. Alle har ei meining om korleis det eigentleg skulle vore gjort, men ein kan ikkje tilfredstille alle. Ta vare på dei gode tipsa du får, og gløym dei andre.

     
  • Ikkje gje deg når du møter motgang, for det gjer du. Økonomi: Mas på NAV om stønad under etablering, og leverandørar som ikkje leverar det dei skal. Kundar som ikkje er nøgde: Gjer dei nøgde då! – Og ikkje minst om du møter motgang privat. «Dette får ikkje du til, det er for mykje arbeid, du er ikkje typen». – Ikkje bry deg, men ha tru på deg sjølv og det du gjer.
     
  • Hald ut! Ting tek tid.

Bor det en gründer i deg også?

Vi hjelper deg i gang!

Se kursene vi tilbyr