Historiske damer

I grenselandet mellom historieforsking og –formidling har Historikarverksemda drive innovativ tenesteyting sidan 2010. Dei hentar fram historia til bedrifter, organisasjonar og etatar - og formidlar dette via bøker, nettsider og utstillingar. Gjennom tett samarbeid med designerar leverar dei gjennomarbeideda sluttprodukt både kva det historiefaglege og det visuelle angår.

Kvifor starta de eigen bedrift?
-
Bakgrunnen for etableringa av bedrifta vår var eit ønske om å bruke kompetansen vår som historikarar på kreative og utradisjonelle måtar, forklarer dei.

Kva er det siste de har produsert?
Me har nyleg gitt ut to bøker – Bergen brannvesen og Vintagestrikk. Den første på oppdrag frå brannvesenet, og den andre som eit eigendefinert prosjekt. Dei to bøkene viser litt av breidden i det me driv med. I haust arbeider me hovudsakleg med eit stort prosjekt i samband med Sjømannskirkens 150-årsjubileum i 2014.



Kva positive og negative opplevingar har de frå oppstartsfasen?
-
Å skulle starte noko heilt eige var både inspirerande og skremmande på same tid. Derfor var det godt at me var to personar som kunne dra lasset i lag. I byrjinga blei det, som i alle andre gründerbedrifter, mykje arbeid og lite søvn. Det som ikkje var så kjekt, var at det verka som om offentlege støtteordningar meinte at innovativ tenesteyting ikkje var verdt å satse på. Svaret me heile tida fekk i kontakt med desse instansane var at så lenge me ikkje hadde noko konkret produkt å vise til, så trengte me ikkje ta oss bryet med å søke midlar. Så me har altså klart å bygge opp ei bedrift utan ei einaste krone i startkapital, og no er det ei god kjensle at me har klart det heilt sjølv, smiler jentene.

Korleis har Etablerersenteret hjelpt dykk?
-
Rådgjevingssamtalane me har hatt med Etablerersenteret har vore til god hjelp. Det fekk oss til å tenke nye tankar og sjå bedrifta vår frå eit anna perspektiv. Me mener Etablerersenterets sitt tilbod kan gjere oppstarten mykje enklare for mange nye bedrifter, anbefaler de.

Kva er de mest stolt av?
-
At me faktisk har klart å skape vår eigen arbeidsplass, kjem det kort og konsist frå historikarane.

Kva er drivkrafta dykkar?
-
Me ønsker å bli ei solid akademikarbedrift i Bergen, og å skape eit breitt fagmiljø og ein kreativ arbeidsplass for folk med liknande bakgrunn som oss, fortel jentene.

Har de nokon fordelar framfor konkurrentane?
-
Vår fordel er kanskje at me er flinke til å bygge merkevare, i forhold til andre akademikarar som driv for seg sjølv, trur jentene.

Historikarverksemda  sine tre råd til dei som ønsker å starte eigen bedrift

  • Om ein verkeleg trur at ein har ein god idé, så bør ein berre hoppe i det. Om det ikkje går bra, så er ein uansett ein erfaring rikare.

  • Arbeid målretta og effektivt.

  • Ikkje gjer noko halvvegs. Om ein først skal gjere noko, gjer det skikkelig.

Bor det en gründer i deg også?

Vi hjelper deg i gang!

Se kursene vi tilbyr