Grønne kvaliteter

-Heilt sidan eg var barn har eg likt å skape ting sier Elisa Kolle i Lin & Papir

Kvifor starta du eigen bedrift?
- Heilt sidan eg var barn har eg likt å skape ting, og dei siste par åra har eg drive mykje med søm. Eg er også svært opptatt av miljøvern, og eg begynte tidleg å leite etter miljøvennlege alternativ når eg skulle sy. Bomullsstoff kjem jo som kjent frå bomullsplanten, og dette er ei av dei mest miljøbelastande avlingane som blir dyrka i verda. Eg såg at det var eit stort utval i til dømes økologisk dyrka bomull i utlandet, men eg fann det ingen stader her i landet. Ganske snart dukka idéen om å importere sjølv opp.

Kva vil du si om oppstartfasen?
- I starten var det også mykje eg ikkje visste korleis eg skulle angripe. Korleis fungerar egentlig import? Kvar skal eg finne gode leverandørar? Kva med mva og toll ved innførsel? Det var berre å bite tennene saman og begynne å nøste informasjon. Internett er jo eit fantastisk hjelpemiddel i denne prosessen, eg anar ikkje kva eg skulle gjort utan!

Korleis har Etablerersenteret hjulpet deg?
- Eg hadde veiledningstime på Etableresenteret, fekk god hjelp der til å tenke gjennom ein del moment før eg sette planen min ut i livet.

Kva inntrykk har du av Etablerersenteret?
- Eg har inntrykk av at Etablerersenteret er ein god støttespelar i arbeidet med å starte eiga bedrift.

Kva er du mest stolt av?
- Eg bestemte meg tidleg for at eg skulle bygge opp nettbutikken sjølv. Det innebar å lære seg mykje nytt som eg aldri hadde vore borti før. Det har vore ein veldig tidkrevande prosess, men utruleg lærerikt. Det gir stor friheit i forhold til å vere avhengig av ein ekstern nettbutikkleverandør.

Kva er din drivkraft, og kva planar har du?
- Frå starten av var eg bestemt på å begynne i det små. Det er ingen stor bedrift eg har starta, men eg har fått god respons og salget har auka jamnt og trutt etterkvart som ordet har spredd seg. Eg har ikkje midlar til å drive storstilt marknadsføring, men satsar mykje på å ta godt vare på dei kundene eg har. Så langt har det vist deg å vere effektivt, då fleire av dei kjem tilbake for å handle meir, og anbefalar butikken min vidare. På denne måten bygger eg meg opp sakte, og det passar meg godt i den livsfasen eg er i no.

Har du noken fordelar framfor dine konkurrentar?
- Det som gjør min butikk unik er jo nettopp miljøaspektet. Det fins ingen andre i denne nisjen så vidt eg veit. Samtidig er eg opptatt av å tilby varer av god kvalitet og god utforming. Mange set likheitsteikn mellom miljøvennleg og kjedeleg, men slik treng det ikkje å vere. Eg synest sjølv at mange av varene mine har spenstig design, og eg veit at dei er av god kvalitet. Kombinerar du dette med dei grønne kvalitetane så blir det eit riktig bra konsept av det, spør du meg!

Lin & papir tre gode råd til andre gründerar:

  • Pågangsmot! I ein etableringsfase trur eg det er veldig viktig å ha pågangsmot. Alt det ukjente, det ein ikkje kan eller veit, framstår som eit uoverkommeleg berg og det er lett å føle at ein står fast. Ein må ikkje vere redd for å sette seg inn i nye ting, må alltid tenke at ”dette kan eg lære meg”.
  • Grunnarbeid! Eg trur også det er viktig å gjøre eit godt grunnarbeid, finne ei nisje der det faktisk er ein marknad og der du kan bidra med noko.
  • Presentasjon! Sist men ikkje minst trur eg det er viktig å frå starten av tenke nøye gjennom korleis ein presenterar seg. Uansett kva det er du vil gjøre, om du selger eit produkt eller tilbyr ei teneste, vil folk vurdere bedriften ut frå korleis dei oppfattar den. Det treng ikkje vere dyrt å bygge opp ein merkevare, men det krever tid og  mykje arbeid.
     

Følg Lin & Papir på Facebook

Bor det en gründer i deg også?

Vi hjelper deg i gang!

Se kursene vi tilbyr