Fartsfulle bilete

Thomas Morel starta som fotograf då han var 18 år. Forretningsideen hans er å ta bilete i fart. Slik skaper han særeige utrykk av situasjonar som går for fort for det blotte auge. Han har motteke fleire prisar for bileta sine.

- Eg tek bevegelse-stillbilde av motiv i rask rørsle. Kundane får bilete som er ”eyecatching”, og som blir lagt merke til. Produktet mitt er snevert, noko som gjer at eg må spare arbeidet til kundar som det passar best til. Eg har kundar både i Noreg og utlandet, slik som Quick, IOC, NYC Ballet, Maui Theatre med fleire. Med mine bilete kan kundane bygge merkevare.



 

Kvifor starta du som sjølvstendig fotograf?
-Først og fremst gjer eg dette fordi eg har ein stor lidenskap for bevegelse og det særeigne vakre i det. Eg har alltid vore visuelt innstilt, og har sidan eg var ung følt at eg måtte vera min eigen sjef. Eg elskar å organisere store prosjekt der eg har press på meg for å prestere.

Bakgrunnen for lidenskapen for foto ligg i at eg var veldig aktiv i turn når eg vaks opp i Nederland. Dette gjer kanskje at eg har ei viss forståing for anatomien, og korleis kroppen fungerer i rørsle. Den einaste utdanninga eg har er tre år på idrettslina på vidaregåande. Det bidreg og til denne interessa for å fange kroppen i fart.
 
Thomas Morell var med i Gullsnitt i 2011, den viktigaste konkurransen i Noreg innan reklamefoto, og vart tildelt juryens spesialpris. Over 1000 bilete vart vurdert, og Thomas fekk prisen for sitt bilete av skiskyttar Ann Kristin Flatland som stuper ut av ei sky av snø, mens ho løyser skot med geværet. På dette biletet har Thomas fanga prosjektilet idet det er på veg ut av geværet.
 

 

Motiverande samtalar på Etablerersenteret
- Eg tok kontakt med Etablerersenteret då eg flytta til Bergen hausten 2011, for å høyre om moglegheita for å etablere meg i Bergen. I tillegg ville eg orientere meg om korleis etablerernettverket er organisert.
 
Eg hadde ein utruleg hyggjeleg og motiverande samtale med Sidsel på Etablerersenteret, og fekk gode råd og tips til korleis eg burde gå fram for å få til best mogleg grunnfeste. Eg vart så motivert at eg kontakta Byavisen for å høyre om dei hadde interesse av å skive om meg etter eg vann Gullsnitt. Så jobba eg for å få nye kundar. Eg fekk inntrykk av at ein verkeleg tenkjar med etableraren. Ikkje berre med fokus på økonomi, slik som mange andre støtteapparat gjer, men i form av praktisk hjelp. I mine auge er økonomi ein nødvendigheit ein sjølv må stå for, men praktisk hjelp er verdt veldig mykje meir. Pengar vert borte, men kunnskap og nettverk varer livet ut.

Kva positive og negative røynsler har du frå startfasen?
- Det har vore ekstremt hardt å starte si eiga verksemd. Stor gjeld har teke frå meg mykje fridom. Då eg var 18 år gamal tok eg opp eit lån på nær ein million for å skaffe meg utstyr til å realisere draumen min. Høge månadlege utgiftar har gjort at livet mitt i stor grad har dreidd seg om betening av lånet. Samtidig har det gitt meg muligheit til å oppleve masse spanande, og ikkje minst følgja hjarta mitt i det eg jobbar med.

Særeige uttrykk
- Eg er mest stolt over å ha greidd å skape ein signatur i bildestilen min, og ser opp til folk som tør gå mot straumen, som fotografen Lois Greenfield. www.loisgreenfield.com


Moods of Norway

Kva er drivkrafta di, og kva framtidsplanar har du?
- Det er utruleg gøy å bli stilt framfor ein problemstilling som kunden har, og som eg må prøve å løyse på ein kunstnarisk og effektiv måte. Slik jobbar eg best!

Kundane mine får eit særskilt uttrykk som speglar deira produkt på ein intens og ærleg måte. Det viktigaste er vel kanskje at eg ikkje brukar Photoshop. Alt ein ser er ekte, og det krev gode samarbeidspartnarar.

3 gode råd:

  • Ein må gå ut frå at det blir mykje slit og mange timar jobbing utan at ein har pengar på kontoen. Då kan det alltid berre bli betre enn ein trur.
  • Nettverk har alt å seie, og prøv å vise deg oftast mogleg gjennom alle kanal du finn. Føl deg aldri for god til å ta imot eit oppdrag. Så lenge du meiner du kan bidra skal du alltid stille for kunden.
  • Noko som eg lærte av ei klok dame i Bergen: Det er småjobbane som finansierer dei store jobbane for kjende merkjevarar.
     

Skogstad, bilete tatt i Sentralbadet i Bergen

Her kan du se meir av Thomas Morel sitt konsept

Du kan og følge Thomas Morel på Facebook

Bor det en gründer i deg også?

Vi hjelper deg i gang!

Se kursene vi tilbyr