Erfaring – ein styrke

Wergeland Bedriftsutvikling AS skal bidra til at våre kundar utvikle og forbedre seg innan sitt kvalitet- og HMS arbeid.

Vi tilbyr ISO sertifiseringer, kvalitet og systematisk HMS arbeid, kvalitetsfokus og god miljøprofil er sentrale element i ein god bedriftsutvikling. Dette er grunnlag for ein sunn bedriftskultur, konkurransefortrinn og eit positivt omdømme. Til saman bidrar dette til ein god økonomisk utvikling i bedrifta.

 
Siv hadde eigne mål og ambisjonar etter flere år i same bedrift. 
Etter etablerarkurs står ho no på eigne bein.

Eg stortrivast med mitt fagfelt og fagområde, og det og utvikle eigen bedrift og vere sin eigen sjef, fortel Siv som starta eigen verksemd, Wergeland Bedriftsutvikling AS, i 2008. Eg kan ikkje sjå at eg har behov for å ha ein sjef, tvert imot. Som person er eg sjølvgåande, målretta og har stor arbeidskapasitet, og desse eigenskapane kjem godt med.


Dyktige kollegaer
I dag er vi fire personar som jobba i selskapet. Vi jobbar mykje ute hos kundane på ulike prosjekt. På denne måten kjem vi tett på og kan følge godt opp.

Vidare fortel Siv at godt samhald mellom kollega bidrar til gode kundetilpassa løysingar, då erfaring er nøkkelen. Kompetansen og erfaringa vi kan tilby våre kunda er solid. Eg er så heldig å ha kjempedyktige kollegaer som eg kan diskutere og lære nye ting av. Vi utfylle kvarandre godt, både sosialt og fagleg. Når vi har utfordringar med å finne kundetilpassa gode løysingar har vi godt utbytte av å dele erfaringar og diskutere oss fram til løysingar.  

Vi har også fått mange gode tilbakemeldingar frå kundane våre. Vårt arbeid har komme bedrifta til nytte på mange måtar, og løfta og forbetra prosessar i verksemda. Dette er heilt avgjerande for at vi skal lukkast. Som konsulentbedrift er det avgjerande at vi tilføre kompetanse til våre kunda  og at bedrifta har god nytte av det vi leverer, fortel Siv. 


Starthjelp frå etablerarkurs
Sjølv om Siv visste kva ho ville og allereie hadde ideer og logo klart deltok ho på etablerarkurs i 2008.

Logo var noko av det første eg byrja å jobbe med då eg hadde bestemt meg for kva selskapet/barnet skulle heite. Eg likar utrykket ”stein på stein” og det å byggje og utvikla noko. Dette gjenspeglar også kontinuerleg forbetring og utvikling som er heilt i kjernen for vår verksemd og det vi tilbyr.

Sjølve forretningsideen formulerte eg på etablerarkurset med inspirasjon frå kursleiar. Og den er like gjeldande i dag, 3 år etter, og er sentral i vår presentasjon på våre nettsider, www.wbu.no


Lærerik tålmodsprøve
Eg likar å jobba målretta og eg er god på både å sette i gang ting og å fullføre. Og dette er gode eigenskaper når du skal drive eigen verksemd.  Eg vil at ting skal skje raskt, og er nok over middels utolmodig. Dette kan nok vere ei prøving for dei rundt meg, men samstundes ein fordel for å komme i gang og levere og produsere, fortel Siv. Vi har og hatt god aktivitet og inntening frå dag 1.

Vidare fortel Siv om den spennande oppstartsfasen.
Det er utrulegt lærerikt og spennande, og ei erfaring eg ikkje ville vore utan. Læringskurva er bratt og oppstart er krevjande. Men det er mange gode medspelarar der ute, som det er viktig å sjå og bruke når behovet melde seg. Alt fra etablererkurs, støtte i nettverk og gode venar.


Gode råd
Det er viktig å være førebudd på at det er arbeidskrevjande og tar mykje tid, energi og merksemd. Det første oppstartsåre var prega av kunderetta arbeid frå mandag til fredag, administrative saker på laurdag og strategi tenking på søndag. Det er dei færraste ting som lagar seg sjølv. Samstundes er det veldig motiverande å få ting til, alt frå det å få sitt første oppdrag, til utvikling av nye produkt. No er vi i fase for satsing på LEAN forbetringar og prosesseffektivisering for våre kundebedrifter. Dette har eg stor tru på og eg gler meg til å ta fatt på dette arbeidet.

Bor det en gründer i deg også?

Vi hjelper deg i gang!

Se kursene vi tilbyr